10. jan. 2012

Underviser elevar ulovleg lite

Eg har fått i oppgåve å kommentere ein artikkel som er skrevet på framtida.no. Denne teksten handlar om at elevar på barnetrinnet, i enkelte kommunar, får færre undervisninstimar enn dei har krav på.

Ei oversikt som Kommunal-rapport.no har utarbeida, viser at elevar på barnetrinnet får færre undervisningstimar enn dei har krav på. Elevane har krav på 5185 timar pluss 76 timar gym. 76 kommunar har rapportert inn til Grunnskolens Informasjonssystrem at dei gjev mindre undervisning enn dette. Ål og Salangen gjev over 100 timar mindre undervisning enn det staten krev. Fleire tusen elevar får derfor færre timar enn dei har krav på.

Dette er rett og slett for dårleg. Korleis kan nesten 80 kommunar gje for lite undervisning, i motsetning til 44 kommunar som gjev meir enn kravet. Oslo er den kommunen i landet som gjev meir enn kravet. Oslo-elevane får heile 369 fleire timar enn dei har krav på. Dette må vi gjere noko med. Barn treng all den undervisningen dei kan få. Eg syns at dei 76 kommunane dette gjeld, virkeleg må ta seg saman, og få orden på dette. Det er tross alt barn sin utdanning dette gjeld.

For å lese meir om kva for nokre kommunar dette gjeld, gå inn på denne sida:
http://framtida.no/articles/underviser-elevar-ulovleg-lite

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar